Funny games

  juni-deutschland-oesterreich Østerriksk fotball kan minne om topografien i landet. Gjennom historien har de hatt noen virkelige topplag, men i 1982 sank landslaget så dypt som det er mulig for et fotball-landslag å synke. Tekst Nils Henrik Smith 25. juni 1982. Vi befinn oss i Spania, kor VM i fotball finn stad. Siste kamp i gruppe 2. Algerie har slått Vest-Tyskland, Austerrike har slått Algerie, og Algerie, Austerrike og Vest-Tyskland har alle slått Chile. Som ein forstår, har Fifa organisert turneringa slik at kampane i første gruppespels siste runde ikkje vert spelt på likt, noko som har ført til at dei to germanske naboane står overfor følgjande moralfilosofiske problemstilling: Austerrike og Vest-Tyskland går begge vidare viss og berre viss Vest-Tyskland slår Austerrike 1-0. Alle andre resultat vil sende Algerie vidare på eitt av laga si bekostning. Kva bør Austerrike og Vest-Tyskland gjere? Svaret dei kjem fram til, ville neppe tilfredstilt verken Kant eller Wittgenstein, for å seie det slik. (Nietszche, derimot, ville muligens syntest det var eit storarta svar). Etter ti minutt scorar den vest-tyske tanksenteren Horst Hrubesch. Deretter opphøyrer alle kamphandlingar. Møtet mellom dei to tradisjonelle erkerivalane utartar til ein orgie av tversoverpasningar på eigen halvdel, det vert sett verdsrekord i tilbakespel til keeper – på tribunen er stemninga, mildt sagt, noko amper. Spanjolane ausar sine mishagsytringar over laga. Forarga algirarar viftar med tjukke pesetas-bunker. Ein vest-tysk tilhengjar brenn flaget sitt i protest. Den vest-tyske fjernsynskommentatoren Eberhard Stanjek konstaterer at det heile er «ei sk...

You must be a subscriber to read this article

Josimar is entirely dependent on our subscribers to tell the stories from football that matter. Become a subscriber today!

Zeen is a next generation WordPress theme. It’s powerful, beautifully designed and comes with everything you need to engage your visitors and increase conversions.